Ferdamannen Olav Loftesnes

Sjøl kalla han seg gjerne «Ferdamannen», frelsesoffiseren og evangelisten Olav Loftesnes. Som evangelist var han ikkje berre omtykt, han var elska.

Han valde å pensjonere seg relativt tidleg, 63 år gamal, men dei godt og vel 20 pensjoniståra nytta han til å vitje korps over heile landet, utstyrt med gitar og bibel, kan man godt si, og hjalp offiserane med møter og andre arrangement. Vart han spurt, stilte han opp, så sant han kunne og ikke allerede hadde lovet andre å komme.
Den dåverande assistenten i Bergen 2. korps røynde det i romjula 1973. Majoren ved korpset vart sjuk, og den 21 år gamle løytnanten sto brått åleine med ansvaret for om lag 30 juletrefestane på øyane kring Bergen. Men Loftesnes stilte opp og alle festane vart gjennomført, sjølv om løytnanten i ettertid sa ho ville aldri høyre «Mellom bakkar og berg» meir – det var nemlig eit fast innslag i Ferdamannens repertoar.

Sogndal
Olav Loftesnes var frå Sogndal. Etter konfirmasjonen måtte han ut i arbeidslivet, og kom til bygda Aurland. Då han kom heim på juleferie i 1915, hadde Frelsesarmeen kome til heimbygda hans kort tid før. Dette tykte han var spanende, sjøl om han ikke vedkjente seg som nokon kristen på den tida. Han gjekk difor inn på det første og beste møtet han høyrde om. Det synte seg å være et barnemøte. Men han tenkte han at dette var hans folk og hans plass kor so.
Året etter dro han til Bergen for å gå i bakarlære. Då det vart kunngjort velkomstmøte for ny korpsleiar i Bergen 1. korps, Templet i Strømgaten 16, gjekk han dit. Den nye korpslederen het Michael Kristiansen, og skulle seinere verte ein av dei mest kjende forkynnarane i Noreg. I ettermøtet gjekk Olav Loftesnes fram til botsbenken og vart frelst.

Frelsessoldat
Nå var kursen for den videre livsbanen langt på vei lagt. I januar 1919 vart han innvidd som frelsessoldat. Det skjedde i den andre av dei to korpsa Frelsesarmeen hadde i Bergen den gang, Bergen 2. korps. Etter avlagt svenneprøve i bakarfaget og gjennomført militærteneste – 96 dagar på Tvildemoen – melde han seg til teneste som frelsesoffiser. I nokre månader var han assistent ved korpset i Egersund, med rang som kadett, og deretter byrja han på krigsskulen i februar 1921. Same sumar fekk han sin første ordre, nå som løytnant. 
Dei neste 40 åra var «Ferdamannen» stadig på flyttefot, først som assistent, seinare som korpsleiar. Dei i alt 50 ordrane hans førte ham over hele landet: Skien og Sarpsborg var to av byene han var stasjonert i. Den siste ordren var som leiar for Larvik korps.

Ungkar
Olav Loftesnes stifta aldri sin eigen familie. Det var hans eige val.
Kva som dette valet skuldtes, var det vel ikkje nokon som eigentleg visste. Når det gjaldt seg sjølv, var Loftesnes ein blyg mann, men han skal ved et par høve ha ymta noko om at det hadde vore ei kvinne som han var glad i då han var ung, men som hadde døydd frå han.  Han gjekk ikkje gjerne i brudlaup heller, om han vart beden. Han var elles både en sjarmerande og «pen» mann så lenge han levde.

Dei som huskar Loftesnes i dag, minnes han som pensjonist. Han hadde adresse i heimbygda Sogndal, men var ofte på farten i evangeliet si teneste. I tillegg dreiv han ei utstrekt sjelesorgteneste i heimbygda gjennom vitjingar i familiar der det var sjukdom, sorg eller andre problem.

I fleire år var han fast gjest på Frelsesarmeen sin kvileheim på Jeløy ved Moss gjennom store deler av sumaren. Her var han ein slags kombinert vaktmeister og kapellan, stelte i hagen om dagen og song og – i mange av et betre ord! – «underhaldt» om kvelden. I dei siste åra av sitt liv budde han på Frelsesarmeens pensjonistheim i Oslo, Bramwell Booths Minne. Dette er i dag ein del av Ensjøtunet.

Brevskriving og song
Ei anna side ved hans vesperteneste, var brevskriving. I sin tale då Olav Loftesnes vart stedt til kvile i Stedje kyrkje, skildra sambygdingen Olav Kvam han som «ein stor brevskrivar». Han sa det slik: «Han skreiv ikkje forretningsbrev eller kravbrev, men kjærleiksbrev i beste meining. Eg fekk mange av dei, og det kunne vera både skjemt og alvor i dei. Som regel slutta dei med «Å, kor stort at Jesus fant meg». Gjennom brevskrivinga si hadde han kontakt med mange menneske og vart til signing».

Strofa «Å, kor stort at Jesus fant meg» kan være ein inngang til nok en side ved «Ferdamannen» si teneste: Songen. Han hadde en god songstemme, og han var musikalsk. Han leia allsongen i møta med stø hand og røst, og var en habil solosongar. Songdiktarar som Mattias Orheim og Elias Blix hadde stor plass i hans repertoar. Ei av salmane han hadde vald til si eiga gravferd var «Med Jesus vil eg fara».
Etter kvart som han vart eldre, vart nok denne strofa litt endra i hugen hans. Det vart meir i retning av «Til Jesus vil eg fara». Han vart rett og slett mett av dagar. Ein korpsoffiser som i denne tida kontakta han og lurte på om han nok ein gong ville kome ein tur og halde møter i korpset og distriktet, fekk eit kort svar tilbake, med hans karakteristiske handskrift: «Kjære kaptein. Svaret er nei. Eg vil døy! Olav L.»
Då ein offiserskollega som var fleire år yngre enn han sjølv døydde brått og uventa ein desemberdag i 1984, vart han reint fortvila: «No var det min tur! Kan ikkje nokon snakke med han der oppe?»
Kanskje var det nokon som gjorde det. Nokre dagar seinare slokna han brått, men stille.
Ferdamannen si reise hadde nådd målet sitt. Han vart 85 år gamal.

Publisert første gang (på bokmål) i boka «Frelseskrig i 100 år. Frelsesarmeen i Sogndal 1915 – 2015» (redigert av Emil Skartveit).
Seinare publisert på nynorsk i bladet «Stille stunder» i august 2019.

Annonser

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *